torsdag 26. mai 2016

Vår i dyrehagen!

Blide ungar! Johannes er straks 6 mndr no, og ei lita solstråle!
Dei siste dagane har vi nytt sola på terassen og i stallen. Ariella elskar både kaninene våre og Svarten, og har faktisk adoptert den eine av kaninungane våre. Han heiter Vetle, og han bur ei ei pappeske på rommet hennar, attmed senga. Ho kler på den og går tur med den i dokkevogna si. Den får disse, hoppe på tranpolinen og sjå på film på fanget hennar. No har vi kjøpt ein sele også, så ho kan gå på tur med han😂 natt til igår var eg inne på rommet hennar om natta før vi la oss, og då såg eg ein ukjent kontur i senga. Eg slo på lyset, og der låg Vetle oppi i lag med ho! Han hadde hoppa oppi senga frå eska og lagt seg godt til rette inntil ho. Den fekk selvfølgelig ikkje bli, for tidligare på dagen fant eg kanina oppi senga, sammen med ca 30 bæsjar! 😡
Vi har kaninsikra hagen, så npr vi er ute i fineværet får alle dei store kaninene springe laust. Det er veldig koseleg...! 

Elles har vi vore i stallen kvar dag, og Ariella har fått ein fantastisk balanse! Ho kan sitte barbak uten å halde seg fast i noko, med armane utstrakte, mens Svarten skrittar relativt raskt. Ho er også flink til å møkke, fylle vatn og koste stallgangen. Når vi har gjort dette seier ho: no må vi lage klart høyet, SÅ kan vi ri!😄 ho seier også at når ho kan ri på egenhånd skal vi ha fleire store hestar slik at mamma og pappa også kan ri. Eg sa: OK😁😃

Vi har fått nytt kaninkull av typen Løvehode (stort sett, ikkje 100%) som blir leveringsklart i starten av juli. Viss nokon vil ha, så sel vi dei for 400kr :) 5 stk, ukjent kjønn. Dei er såååååååå søte😄😍

Ariellasnuppa vår har blitt 3år, og vi feira med eit lite familieselskap og jenteselskap der ho inviterte nokre få små venninner med familie. Koselig😄






1 kommentar:

  1. Herlig blogg :-) Artig å lesa om kanina som ville sova i senga med Ariella :-D

    SvarSlett