tirsdag 12. april 2016

Kaningård

Idag har Thomas kaninsikra hagen, slik at kaninene kan springe laust når vi er ute. Då slepp vi å slå plenen i sommar! Håpar ørna held seg borte... 

Her er Labbetuss, vår nyaste hannkanin, og Trampe ute og helsar på kvarandre. Trampe er sjef, det er i alle fall heilt sikkert! Han måtte inn i buret igjen etter at han dominerte Labbetuss litt vel lenge. (Jokka på han)

Her er kaninungane til Mini og Trampe, no ca 26 dagar gamle. Dei har nett begynt å utforske no! Dei våga seg nesten ut av buret, men syntes framleis at det var tryggast bak mammaen. Korleis eg skal klare å drepe og ete desse søte pelsdottane begrip eg ikkje! Kan nokon kjøpa dei?? ;) det kjem fleire søte bilde.

Labbetuss in action! Mid-air leap:D
Han her er nok lengst nede på rangstigen, men med tida håpar vi kan kan gjere Mini drektig. Han er blanding av fransk wedder og belgisk kjempe, så resultatet bør bli store, kjøttfulle kaniner :)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar