I påskehelga har vi budd på Roald hos Mamma og Pappa. Det har vore god mat, Den unge Inspector Morse, turar i fjøra og turar på Svarten. Her er nokre bilde frå ein tur til Mallavika, og frå ei lita økt på ridebanen.
Ariella synast eg passar perfekt til Svarten, størrelsesmesseg, men eg sjølv synast han er litt i minste laget ;) I trav har han så korte steg at eg så vidt klarar å reise meg til takta! Men han er veldig snill å ri! Lydhøyr og viker ved små beskjedar. Han kan bli ein fin barneponni :) Då vi børsta han, fylte vi ei 10L bøtte med hår! Ser ut som om han ynskjer sommaren velkommen ;)
Ariella-snuppa elskar å plukke skjell, og eeeeelskar utelivet! Tar du ho med på tur, har du ein bestevenn ;)

Mallavika med Helgamamma og Geirpappa
God påske!
Påskespeilegg frå vaktlane våre. Det smakte.......egg.





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar